Hopp til innhold

Fjordbøndene si forteneste!

Dei som held fjordlandskapet i hevd har mykje av æra for at dei norske fjordane for andre gong er kåra til verdas flottaste reisemål.

Fjordlandskap ved Lånefjorden
Foto: Steinar Lote / NRK

Det er magasinet National Geographic som står bak kåringa. Ein begeistra jury på over 400 reiselivsekspertar seier at folk som bur langs fjordane er ein viktig grunn til kåringa.

– Dei ser det same som vi

Anne-Brit Balevik
Foto: Steinar Lote / NRK

Anne-Brit Balevik er bonde i Balestrand, og ho har eit fargerikt fellesskap av husdyr til å halde kulturlandskapet ved Sognefjorden i hevd. Torsdag fekk ho og andre langs fjorden internasjonal anerkjenning.

– Eg synest det er heilt fantastisk å høyre. Eg blir veldig stolt over at dei har sett det same som vi.

For når National Geographic sin jury igjen har kåra dei norske fjordane til verdas suverent flottaste reismål, har dei denne gongen peika spesielt på at folk lever og bur her.

– Må tenke nytt

Men dyra som held landskapet i hevd gjev lite inntekt, kåringa må difor få styresmaktene til å tenke nytt, seier Anne-Brit Balevik.

– Eg håpar dei kan fokusere på at folk held landskapet, meir enn sjølve produksjonen av kjøt. Eg håpar dei ser at det er varige verdiar som blir skapte, beitedyra er heilt fantsatiske.


– Halleluja, seier Kvikne

Sigurd Kvikne
Foto: Steinar Lote / NRK

Men om fjordbonden syns det er kjekt å bli gjort ære på, er direktør Sigurd Kvikne på Kvikne´s Hotel i Balestrand nærmast i ekstase.

– Halleluja, det er heilt fantastisk. Det er ei så utruleg bragd å bli kåra til verdas beste reisemålet for andre gong at eg er nesten mållaus.


For den første kåringa i 2004 vart gullkanta for næringa.

– Fjord-Norge tok marknadsdelar i 2005, 2006 og 2007, og hadde ei veldig god utvikling.

– Lever det gode liv

Fjordbonden Anne-Brit Balevik reknar ikkje med auka aktivitet, men ho vil likevel ikkje byte med hotellverten.

– Eg er veldig glad i dyr, og eg er veldig glad i natur, då har eg valt det som eg kallar det gode liv.