NRK Meny

Fjord1 får drive Anda-Lote

Statens vegvesen har i dag tildelt Fjord1 løyve for ferjesambandet E39 Anda-Lote. Kontrakten gjeld for perioden 2018-2027, med høve til å forlengje kontrakten eitt år. Det kom inn tre tilbod, men Vegvesenet valde til slutt Fjord1, som også i dag har sambandet. Konkurransen om ferjesambandet mellom Anda og Lote er den første ordinære konkurransen i Norge der ein har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

Vegopning på Bergum i Førde kommune