Ferska både på tur og retur

To gonger på like mange februardagar vart bilføraren frå Sunnfjord teken i alt for høg fart i 80-sona på riksveg 5 ved Fodnes i Lærdal. På veg sørover vart han målt til 96 km/t. Dagen etter vart han målt til 115 km/t på returen. No har han godteke ei bot på 12.500 kroner. Førarkortet får han att i slutten av oktober.