Hopp til innhold

Ferjeanbod gull for Staten

Staten sparer over 200 millionar kroner på det nye ferjeanbodet i indre Sogn.

Mannheller ferjekai
Foto: NRK

Konkurransen gjer no at ferjeselskapa er viljuge til å drive ferjene for ein brøkdel av det Fjord1 Fylkesbaatane har gjort.

Kampen om ferjedrifta i indre sogn fører til at staten står fram som den store vinnaren.

Måndag kom det fram at utanlandske Veolia har det beste anbodet og at Fjord1 fylkesbaaten er i ferd med å bli utkonkurrrert.

Sparer 220 millionar

For Staten betyr bodkrigen innsparingar i hundremillionarsklassen. For strekningane Mannheller-Fodnes og Dragsvik-Hella-Vangsnes kostar i dag Staten 30 millionar kroner i året. Det lågaste nye anbodet er på berre to millionar kroner i året. Over åtte-årsperioden blir innsparinga  220 millioner kroner.

- Konkurranseutsetting verkar

Seksjonsleiar Eli Marita Ness i Statens Vegvesen seier dette betyr at konkurranseutsetjing verkar. For så lenge selskapa kan vise til sunn økonomi som kan tole den prisen dei gjev, står aktørane fritt til å sjølve vurdere økonomien i det.

- Ikkje til gratisferjer

Men dette treng slett ikkje bety gratis ferjer i Indre Sogn, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete. I valkampen stod ho sjølv på Mannheller og lova gratisferjer på alle riksvegane. Men ho vil ikkje love at dei innsparde pengane vil bli brukte på nettopp dette.

- Desse innsparde pengane blir brukte til andre samferdsleprosjekt. Når utgreiinga vi har gåande om gratisferjer er avslutta og Regjeringa eventuelt etter nokre prøveprosjekt bestemmer seg for å gjere riksvegferjene gratis, så vil vi måtte finne midlar til det ein eller annan stad. Men det er ikkje nokon samanheng mellom innsparingane i indre Sogn og gratisferjer på den måten at dei innsparde pengane blir øyremerkte til gratisferjer, seier samferdsleministeren..