Hopp til innhold

Ferje har tekniske problem

Den eine av dei tre ferjene som trafikkerer sambandet Lavik-Oppedal på E39 er ute av drift på grunn av tekniske problem. Det opplyser Norled til avisa Firda. Det var bilferja Stavanger som fekk problem med eine motoren tysdag ettermiddag. Norled veit ikkje når det vil vere tre ferjer i drift igjen på sambandet. Det vil difor berre vil vere avgangar kvar halvtime utover onsdag.

Lavik med ferja Stavanger ved kai
Foto: Alf Vidar Snæland