Hopp til innhold

Fengsel på vilkår for barneporno på pc

Ein ung mann er i Fjordane tingrett dømd til 120 dagars fengsel på vilkår for å ha lasta ned foto og videoar med barnesex.

I september i fjor fann politiet 20 foto og 61 videoar som mellom anna framstiller barn i seksuelle situasjonar med vaksne. I tillegg fann dei 353 animerte filmar som framstilte barn i seksuelle situasjonar.

Politiet aksjonerte på eit tips frå FBI via Europol. Dei fann ut at mannen hadde oppretta ein konto på ei nettside som er laga for å sjå på, laste ned og distribuere filer som dokumenterer seksuelle overgrep mot barn.

Mannen forklarte at han hadde teke i bruk denne nettsida i november 2014 og heldt på til mars 2015. Retten meiner at fleire av jentene som opptrer på videoane er i alderen fem til åtte år.

Aktor hadde lagt ned påstand om at mannen burde dømmast til fengsel på vilkår i fem månader. Men Fjordane tingrett reduserte dette til 120 dagar. I tillegg blir datautstyret hans inndrege.

Forsvararen hans, Per Kjetil Stautland, seier at klienten hans har psykiske lidingar, og nedlastinga var tvangshandlingar og ikkje fordi han har ei pedofil legning.