Dermed ligg Sogndal sist på tabellen med 15 poeng. Kjetil Ruthford Pedersen var lite nøgd med både eigen og laget sin innsats.
Sogndal-trenar Jan Halvor Halvorsen vil ikkje vurdere si eiga stilling, sjølv om laget berre har vunne fire seriekampar sidan 3. august i fjor!
- Eg er jo ikkje åleine om dette her. Og det gjeld og når vi gjorde det bra i fjor. Vi er eit lag som jobbar saman, seier han.
Tillit hos sportsdirektøren
Halvorsen har full tillit hos sportsdirektør Svein Bakke. Laget har berre vunne fire seriekampar sidan 3. august, men Bakke seier ansvaret ligg både på leiinga, spelarane og trenaren ilag. - Vi har ein god kommunikasjon, og ein open diskusjon. Dei belutningane vi tek er felles, seier han.