Fekk synge med Maj Britt Andersen

Førde kyrkje jentekor, forsterka med jenter frå fleire skular fekk dele scene med Maj Britt Andersen.

Førde kyrkje jentekor, forsterka med jenter frå fleire skular fekk dele scene med Maj Britt Andersen.

Andersen markerer 40 år som artist med ein turne der ho inviterer med lokale kor der ho opptrer.

– Eg reiser frå stad til stad, og møter nye ungar på kvar stad. Det er spanande for vi har berre nokre timar før kvar konsert der vi øver i lag, men eg har og med meg eit fast band som let veldig fint, seier Andersen.

Maj Britt Andersen er norsk songar og artist, men kanskje mest kjend sine mange plater for born. Og songane hennar fann klangbotn hjå dei unge korsongarane i Førde.

– Det var veldig kjekt, ho hadde tekstar som appellerte og var lette å henge seg med på. Vi hadde berre to øvingar åleine og ei saman med Andersen før vi skulle opptre, seier dirigent Gro Anthun.

Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.
Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.