Hopp til innhold

Fastlege snoka i journalar og sjikanerte pasient

Ein fastlege frå Nordfjord har fått ei åtvaring frå Statens Helsetilsyn for åtferd som svekkar tilliten til helsetenesta og til legen sjølv.

Stetoskop

ÅTVARING: Fastlegen er tidlegare pålagt bot frå politiet for dei same handlingane. No har Statens helsetilsyn konkludert med å gi legen ei åtvaring.

Foto: ScanStockPhoto

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane tok imot saka for eitt og eit halvt år sidan, og no har Statens helsetilsyn konkludert at fastlegen frå Nordfjord får ei åtvaring.

– Ei åtvaring er ein offentleg, alvorleg skrape på legen sin CV. Det betyr at Statens helsetilsyn meiner at legen sine handlingar svekkjer tilliten til helsevesenet, og det er ei alvorleg påpeiking, seier fylkeslege Per Steinar Stensland i Sogn og Fjordane.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

ALVORLEG: Fylkeslege Per Steinar Stensland i Sogn og Fjordane meiner dette er ei alvorleg sak.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Alle framtidige arbeidsgjevarar vil sjå åtvaringa om legen i Statens autorisasjonskontor sine lister.

Pasientar melde legen til politiet

Fastlegen har fått åtvaringa etter å ha sendt krenkande og sjikanerande brev til ein pasient. I tillegg har legen snoka i journalinformasjon om denne pasienten, og om andre pasientar, «utan tenestleg grunn», ifølge helsetilsynet.

Desse handlingane er ikkje lovlege, og pasientane melde legen til politiet. Politiet påla legen ei bot for dette, og legen vedtok denne bota.

No har altså tilsynssaka mot legen konkludert med åtvaring.

– Aldri sett liknande

Legen kan derfor halde fram som fastlege, sjølv om autorisasjonen vart vurdert av helsetilsynet.

– Helsetilsynet har vurdert både åtvaring og mogleg autorisasjonstap, og konkludert med at dei vill gi ei åtvaring i denne saka, seier Stensland.

Fylkeslegen meiner dette er ei spesiell sak, og han har ikkje vore borti liknande saker før.

– Snoking i pasientjournal har vi hatt saker med tidlegare, men ikkje sjikanerande og krenkande åtferd overfor personar. Det har eg ikkje sett tidlegare.

Legen har ikkje klaga på avgjerda til helsetilsynet, og no er klagefristen ute.