NRK Meny
Normal

Fastlege mista autorisasjonen

Ein lege som arbeidde som fastlege i Sogn og Fjordane er fråteken autorisasjonen.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

– ALVORLEG SAK: Fylkeslege Per Stensland seier saka er omfattande.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Tilsynssaka mot legen gjeld mellom anna upassande, og til dels seksualisert, kontakt med mindreårige personar, der ein av dei var legen sin pasient.

Fylkeslege Per Stensland skildrar saka som både alvorleg og uvanleg.

– Dette er ei alvorleg sak. Årsaka til tilbakekallinga er ifølgje Helsetilsynet grov mangel på fagleg innsikt, uforsvarleg verksemd og ei åtferd som blir sett på som uforeinleg med yrkesutøving. Det er snakk om upassande kontakt med mindreårige. Ein av desse har også vore pasienten til legen. Denne kontakten har dels vore direkte og dels via chat.

– Uvanleg og omfattande sak

Stensland seier dei fekk bekymringsmelding om legen for eitt år sidan.

– Vi har hatt tilsynssak og vi fann den så alvorleg at vi sende den vidare til Statens helsetilsyn.

– Saka gjeld også gjeld valdeleg åtferd og trugsmål mot andre. Kven har dette blitt retta mot?

– Det ønskjer eg ikkje å gå inn på, men det blir tillagt vekt i ei slik sak fordi det handlar om å vise åtferd som kan vere uforeineleg med å utøve yrket. Den som skal vere lege i Norge, må ha alminneleg tillit i miljøet sitt. Dersom ein opptrer med valdeleg åtferd og trugsmål, er det grunn til ikkje å ha tillit til vedkommande.

Fylkeslegen seier dette er ei uvanleg sak og at den er omfattande.

– Forholda viser mangel på dømmekraft som vi forventar ein lege har. Det å miste autorisasjon er det veldig få som gjer.

Blir etterforska av politiet

Ifølgje Stensland er det mellom 30 og 40 legar i året som mistar autoriasjonen i Norge.

– Har du vore borti likande saker tidlegare?

– Nei, det har eg faktisk ikkje. Vanlegvis er det sjukdom eller rusbruk som kjem opp i saker som gjeld tap av autorisasjon. Dette har ikkje vore tema i denne saka. Her er det snakk om dømmekraft og mangel på innsikt i handlingar.

Legen har ikkje jobba i Sogn og Fjordane siste året. Han er også under etterforsking hos politiet.

NRK har vore i kontakt med legen sin advokat. Statens helsetilsyn sitt vedtak om å ta frå mannen autorisasjonen vil ikkje bli anka.

I ein e-post skriv advokaten dette på vegner av legen:

«Selve saken og vedtaket har og vil få store konsekvenser for han.

Når det gjelder vedtakets innhold, så er han glad for at Helsetilsynet har lagt hans fremstilling til grunn i forhold til alvorlige påstander som har fremkommet mot han for sin omgang med en pasient.

Han tar til seg tilsynets vurdering av at han har overtrådt de retningslinjer leger har for i hvilken grad de bør ha kontakt med pasienter på privat basis. Terskelen er lav av hensyn til legeyrkets omdømme og strenge etiske normer. Tilsynet har registrert at han selv tidlig tok opp problematikken rundt det å være lege til akkurat denne pasienten, at han oppfattet pasientens problemer som komplekse og at han forsøkte å få pasienten til å skifte fastlege, men konkluderer likevel med at de fastsatte grenser var overskredet.

Legen er oppriktig lei seg for at han nå ikke får bistå de mange pasienter han har hatt som fastlege over lengre tid. Han har alltid fått gode skussmål for sitt arbeid og sitt engasjement, og han takker for den støtten og tilbakemeldinger han har fått.

Legen velger å ikke påklage vedtaket. Saken har vært svært belastende, og han ønsker å se fremover og få lagt dette bak seg.»

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen