NRK Meny

Får ikkje kontakt med pårørande

Politiet får framleis ikkje kontakt med pårørande til mannen som vart tiltalt for trippeldrapet på Valdresekspressen. Det skriv bt.no. Tiltalte, Peter Beaks, døydde 10.september i år, før rettssaka kom opp. Dersom ikkje politiet får kontakt med pårørande i Sør-Sudan i løpet av ein månad, vert den tiltalte truleg gravlagd i Bergen. Tysdag er det eitt år sidan drapa på Valdresekspressen.

Busstragedie på Valdresekspressen
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Vegopning på Bergum i Førde kommune