Hopp til innhold

Fann tann i ostehorn

Den var til og med plombert.

Tann i ostehorn

Ostehornet og den plomberte tanna. Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

- Då eg kom i enden av hornet kjende eg det var noko hardt der. Så grov eg inni, og drog ut ei tann, seier Wenche Puthof frå Øvre Årdal.

Beklagar veldig

Det var lita tvil om at tanna Sogn Avis skriv om, kom frå eit menneske. Den var nemleg plombert.

- Du vert jo heilt mållaus. Eg sat lenge og såg på tanna utan å få ut eit ord, seier Puthof.

Wenche Puthof

Wenche Puthof. Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis

Det var Bakers som hadde levert ostehornet. Informasjonsdirektør Bjørn Halvorsen, kan ikkje forstå korleis tanna hamna i ostehornet.

- Ein skulle jo tru at nokon som mistar ei tann, merkar det. Difor er denne saka svært spesiell, men eg vil ikkje spekulera i årsakssamanhengen før me får godt saka nærare i sømmene. Me beklagar veldig når forbrukarar oppdagar framandlegeme i produkta våre. Det skal vera trygt å eta bakverk frå Bakers.

Med plombe og tannstein

Tannlege Bjørn Leirpoll ser hovudrystande på bileta av tanna frå ostehornet.

- Det er ganske utruleg. Tanna er tydeleg godt brukt. Det er amalgamfyll i tanna og litt tannstein på den. Det er ei lita kinntann oppe i kjeven. Men korleis den har kome inn der, er ikkje lett å seia.

- Er det nokon som har knadd litt for hardt på bolledeigen?

- Ja, kanskje det. Men dette er friskt, altså. Ein misser matlysta av slikt.

- Har du høyrd om noko liknande før?

- Ikkje slik som dette. Dei finn jo småstein i mjøl, og ting som kan koma frå kverningsprosessen. Men ei heil tann - for den er jo heil. Eg ser fylling og røter og alt. Dette er spesielt.

Lenge til neste ostehorn

Men om opphavet til tanna er usikkert, så er det ein ting som er heilt sikkert - Wenche Putof kjøper ikkje fleire ostehorn med det fyrste.

- Om det er ostehorn eller vanleg brød, så vert det nok lenge til eg kjøper noko av det.