Hopp til innhold

Fann narkotika på fest

Natt til laurdag har vore prega av bråk i samband med festing for politiet i Sogn og Fjordane. I Førde vart tre personar sikta for å brukt narkotika på ein fest.

Politiuniform

NARKOTIKA; FYLL OG KRANGLING: natt til laurdag har politiet måtte ta hand om fleire folk som var rusa på forskjellige ting.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Politiet vil ta til med etterforsking av saka over helga, så eg kan ikkje seie noko meir medan det arbeidet held på, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Bengt Nes.

Saman med dei tre personane som er sikta for å ha brukt narkotika, er ein person også sikta for å ha hatt narkotika på seg. Politiet vil ikkje seie noko om kva slags narkotika det her er tale om.

Rundt same tida som narkotikapågripinga fann stad skal det også ha vore det politiet kallar «knuffing» i Førde sentrum, og det skal ha enda med at ein person vart sendt til legevakta,

Vart sendt vekk frå hus

I Stryn fekk ein mann i førtiåra streng beskjed frå politiet om å halde seg vekke ifrå ein bestemt adresse. Det skal ha vore etter at politiet hadde observert både sterkt rusa og aggressiv.

Politiet hadde promillekontroll i Førde i natt, men ingen vart stogga med alkoholpåverknad i kontrollen. Ein mann i tjueåra vart derimot fakka av utrykkingspolitiet i Halbrendslia i Førde etter at dei hadde mistenkt at han køyrde med promille.