Hopp til innhold

Fangar blinkskot frå dyrelivet i skogen

Både hjort, rev og ørn anar fred og ingen fare, men gjennom eit viltkamera kjem Jan Lars Nesje tett inn på livet deira i skogen.

Gjennom eit viltkamera kjem Jan Lars Nesje tett inn på livet i skogen.

EIT DYRELIV: Slik kan Jan Lars Nesje oppleve mykje av det som går føre seg i skogen. Her er nokre av glimta han utan viltkameraet mest truleg ikkje ville fått.

– Det er jo litt artig å følgje med.

Jan Lars Nesje frå Mindresunde i Stryn har i fleire år montert såkalla viltkamera ute i skogen som fangar opp aktiviteten til alt som lear seg. I løpet av dei siste åra har det blitt mange flotte og artige bilete av dyrelivet i skogen.

Frustrerte bukkar

Midt under brunsttida hausten 2014, klarte viltkamera mellom anna å fange eit heilt spesielt blinkskot av to hjortebukkar som kosar seg.

– Eg kunne ikkje anna enn å flire då eg oppdaga biletet. Det her er vel det einaste bilete eg har av to bukkar som prøver seg på kvarandre, i mangel på noko anna. Så det er litt spesielt, ler Nesje.

Hjort på viltkamera

TATT PÅ FERSKEN: Desse bukkane visste nok ikkje at denne kosestunda vart foreviga.

Foto: Jan Lars Nesje

– Dei største bukkane har reist med alle kollene, så desse vert gåande frustrerte og åleine, forklarar han.

Også sist haust fekk Nesje ein frustrert bukk på film. Denne gongen var det ei stor furugrein som fekk gjennomgå.

Håpar å sjå noko uvanleg

Han har fleire kamera plassert rundt om, og Nesje tykkjer det er spennande å samle inn filmane for å følgje med på dyrelivet. Alt ifrå haukefamiliar til hjort som badar i gjørma eller av ein rev og ei ørn som slåst om maten.

– Det eine kameraet står på ein veldig fin plass her på Mindresunde i Stryn. Her er det ein stor badedam som hjortane brukar. Der er det veldig mykje aktivitet om hausten.

Lite veit hjorten om at den vert følgt nøye med på, men Nesje er ikkje redd for å forstyrre privatlivet deira.

– Nei, det er eg ikkje, ler han. – Dei veit jo ikkje om desse kamera dei. Men eg får jo av og til eit bilete av ein og annan turgåar som lurer på kva dette kan vere.

Sjølv likar han godt å gå på jakt om hausten og jaktar både på elg, hjort og rein. Då er det ekstra kjekt å følgje med på utviklinga til dyra gjennom linsa.

– Eg prøver å få med meg det meste av livet i skogen. Håpet er at det går forbi dyr som ikkje er vanlege å sjå her, men mesteparten er i grunn hjort, så noko uvanleg har eg ikkje fått enda, fortel han.