NRK Meny
Normal

Kvinne i 60-åra omkom etter fallulykke

Ei kvinne i 60-åra er stadfesta omkomen etter at ho ramla utfor ein skrent på tur i til Barnekona i Sogndalsdalen.

Anestølen

BARNEKONA: Det var under ein tur til Barnekona, som ein ser her, at kvinna ramla.

Foto: Christian Blom

– Vi har fått melding om ei fallulykke i Sogndalsdalen. Ein person skal ha ramla. Vi veit enda ikkje kor langt, eller kor alvorleg dette er, sa Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral like etter meldinga kom.

SISTE: Klokka 16.00 stadfestar politiet at kvinna, som er i 60-åra er omkomen.

Ulykka skal ha skjedd i samband med at ho har prøvd å klatre i bratt terreng. Kvinna har falle og vorte skadd. Politiet opplyser at kvinna vart frakta ut av terrenget med helikopter.

Holme opplyser klokka 15.20 at det var to personar, ein mann og ei kvinne som gjekk på tur i lag då kvinna ramla.

Første meldinga kom klokka 13.10 og Sea King-redningshelikopter vart varsla. Kort tid etter opplyser AMK at redningshelikopteret har snudd.

– Både luftambulanse og ambulanse er på staden for å løyse oppdraget. Etter det eg har fått melding om, har ein klart å lokalisere vedkommande, men vi veit førebels lite, sa vakthavande på AMK ved Førde sentralsjukehus kort tid etter første meldinga kom.

Politiet vart også kalla ut til staden der vedkommande vert frakta ned.


Laster kart, vennligst vent...

FALLULYKKE: Ein person har ramla ned for ein skrent på tur til Barnekona. Luftambulanse og ambulanse er på staden for å hente ned personen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.