Hopp til innhold

Få vil bli helsearbeidarar

Nesten 20 lærlingplassar og 30 skuleplassar står ledige.

Sykehus

SLIT MED REKRUTTERING: Det er 90 skuleplassar til helsearbeidarstudiet i fylket. Berre 64 av desse er fylte. Illustrasjonsfoto

Foto: colourbox.com / colourbox.com

– Vi står ovanfor ei kjempeutfordring. Det kjem til å bli stor mangel på helsearbeidarar.

Det seier Per Jørgen Loen, assisterande fylkesdirektør, som har ansvar for opplæringsavdelinga i Fylkeskommunen.

Stor sjukepleiarmangel

I førre veke kunne NRK fortelje at det er stor mangel på sjukepleiarar i fylket, og at Askvoll kommune lokkar med stipend som eit desperat forsøk på å få sjukepleiarar til kommunen.

Men det er også mangel på faglærde helsearbeidarar, og det vil bli endå færre av dei dersom dagens trend blir vedvarande.

– Det er mellom 15 og 20 ledige lærlingplassar. Så det er nesten dobbelt så mange plassar som det var søkjarar i haust, seier Loen.

30 ledige skuleplassar

For å bli helsefagarbeidar, tidlegare hjelpepleiar, må ein gå to år på helse- og sosialfag på vidaregåande. For å kunne gå opp til fagprøva må ein etter det går to år i lære.

Det er ikkje berre mangel på lærlingar - det er også nesten 30 ledige skuleplassar i fylket.

– Det ser dårleg ut. Det er 90 skuleplassar, men berre 64 av desse er fylte, seier Loen.

Vel påbygging

Loen fortel at mange vel å gå vidare på allmennfagleg påbygging etter dei to åra på skulen, i staden for å bli lærling og ta fagbrev.

– Det er mange som vel gå vidare på påbygging for å få studiekompetanse sånn at dei kan gå vidare på høgare utdanning. Det er positivt, men det er likevel eit skrikande behov etter fagarbeidarar, seier Loen.