Hopp til innhold

Etterlyser mann etter at eldre kvinne vart frålurt 11 000 kroner

Politiet i Høyanger etterlyser ein mann etter at eldre kvinna tysdag vart frålurt 11 000 kroner.

Høyanger sentrum

ETTERLYSER BLOMSTERSELJAR: Eldre kvinne frålurt 11 000 kroner.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har ikkje alder på mannen, men han skal vere godt vaksen, 170 til 180 cm høg, har litt skjegg, europeisk utsjånad, men snakkar gebrokkent norsk, seier Kåre Jan Hofrenning ved lensmannskontoret i Høyanger.

Tysdag vart ei eldre kvinne oppsøkt av mannen som sa han selde blomar til inntekt for i Romania.

– Kvinna opna døra fordi ho trudde det var heimehjelpa som kom, ho seier mannen var snill og tillitvekkande, seier Hofrenning.

Ubehageleg oppleving

Dotter til kvinna som vart lurt seier til NRK at dei opplever det som skjedde som svært ubehageleg.

Ho seier mora vart litt forvirra av mannen som opptredde både høfleg og tillitsvekkande. blant anna fortalde han at han hadde Mannen fortalde blant anna at han hadde jobba på ein bilverkstad i Førde.

Då kvinna ikkje hadde pengar heime men let seg overtale til å gi bankkortet sitt, og mannen hadde då tilbydd seg å ta ut litt ekstra til ho også.

Det var det siste ho såg til mannen, seinare har det synt seg at mannen har tatt ut 11 000 kroner. Blant anna er det tatt ut pengar ein nabokommune.

– I ettertid skjønte mor også at ho hadde gjort noko dumt, seier dottera. Ho seier mora at nok hadde gått litt fort og mora difor hadde latt seg lure av blomsterseljaren.

Meir forsiktig

– No i etterkant har vi snakka litt om at ho må vere meir forsiktig med kven ho opnar døra for.

No håpar ho berre dei får tatt mannen før han får lurt fleire eldre.

– Eg veit ikkje om det var tilfeldig men i går var det den 20. og då er det pensjonsutbetaling, og difor hadde mor litt ekstra pengar på kontoen.

– Vi har så langt ikkje fått meldingar om andre som skal ha blitt oppsøkt av mannen, seier Hofrenning.