Hopp til innhold

Fembarnsfar døydde i ulukka - kolleger, vener og familie i sorg

Fembarnsfaren Arvid Flølo (43) var ein av tre som døydde i den tragiske ulukka i Våtedalen. No blir han minna av sjåførkollegene i budbilfirmaet han jobba for.

Tre personar omkom i trafikkulukka på E39 i Våtedalen i Jølster.

Flølo var ein svært erfaren sjåfør og jobba for EM-budbil i Førde dei fire siste åra, og seinast køyrde han ut blomar til mange kundar julafta.

– Han vil bli sakna som den som alltid overraska kolleger med å vaske og strigle bilane deira når han hadde ein lørdagstur med brød for noken. Og som tusenkunstnaren som reparerte skap og hjørner etter at kolleger hadde hatt små uhell på trange vestlandsvegar. Ofte uoppfordra, skriv sjef for Em-budbil, Even Nordstrøm på Facebook.

NRK.no har vore i kontakt med budbilfirmaet, og vi har fått løyve frå dei til å sitere det dei skriv om sin kollega. Dei har også lagt ut eit bilete av Flølo.

– Våre tankar går til hans nærmaste, og spesielt dei 5 borna, skriv Even Nordstrøm.

Fleire skal granske

Både politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe skal etterforske den tragiske ulukka i Våtedalen der tre menneske omkom. Dermed vil ein neppe gå ut med nokon årsak før etter nyttår.

Ulukka på E39 har råka mange, og familie, vener og andre sit att med det store spørsmålet om kva som skjedde då to bilar frontkkolliderte 2. juledag.

Anders Jakob Raad (73) og Solveig Oddny Raad (75) frå Byrkjelo i Gloppen, og Arvid Flølo (43) som var busett på Vassenden i Jølster, omkom i ulukka.

Må samanstille rapportane

Flølo var fembarnsfar, og i sosiale medier vert familien hans synt svært mykje omtanke. Sonen til Jakob og Solveig Oddny Raad, og den ni år gamle sonesonen deira er framleis innlagt på Førde sentralsjukehus.

– Både vi i politiet og ulukkesgruppa skal granske det som skjedde, og så skal dette samanstillast før vi kan gå ut med ei årsaksforklaring, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, til NRK.no.

Har avhøyrd fleire vitne

Politiet har avhøyrd fleire vitne i samband med ulukka, mellom anna to bilistar som vart etterlyst torsdag kveld. Det var vitne også til sjølve kollisjonen, og politiet vonar avhøyr av desse vil gje eit klarare bilete av det som skjedde.

Både i Gloppen, Jølster og i Førde har kommunen sitt krisepersonell vore i aktivitet etter ulukka. Fleire familiar er hardt råka av ulukka, og ei rekkje pårørande sit att i sorga.