Hopp til innhold

ESA følgjer med på Fjord1

Salet av Fjord1 kan vere av interesse for det europeiske kontrollorganet ESA, seier direktør i ESA, Gjermund Mathisen til Bergens Tidende. Dei har ikkje starta gransking, men følgjer saka og har registrert usemje om korvidt selskapet vart seld til høgstbydande. Minoritetseigar Havila har hevda å ha kome med eit bod som var høgare enn Torghatten sitt, men fylkesordføraren og fylkesrådmannen har sagt at bodet ikkje var reelt og at fristen uansett var gått ut.