Hopp til innhold

Enoro skal gjere straumen smartare

Dale-verksemda Enoro skal gje kundane til 11 nettselskap i Møre og Romsdal smartare straumforsyning.

Edgeir Aksnes

NØGD: Edgeir Aksnes og Enoro i Dale har sikra seg avtale med 11 nettselskap.

Foto: Birger Meland / NRK

Enoro har signert avtale med Smarthub AS, eit prosjektsamarbeid mellom 11 nettselskap i Møre og Romsdal, om levering av Meter Data Management (MDM)-system.

Avtalen er ifølgje administrerande direktør i Enoro, Edgeir Aksnes, på fleire titals millionar kroner.

– Nettselskapa vil dra full nytte av våre robuste løysingar og djuptgåande erfaring. Enoro set stor pris på tilliten Smarthub AS viser ved å velje oss som leverandør, seier administrerande direktør, Edgeir Aksnes, i Enoro.

Smarte målarar

Innan 2019 skal alle straummålarar i norske bygningar bytast ut med «smarte målarar».

Det skal gi straumkundane betre informasjon om kraftforbruket sitt, meir nøyaktig avrekning og mogelegheit for automatisk styring av forbruket.

– Vi leverer programvara som gjer det mogeleg å automatisere og overvake, driftsovervake på ein mykje meir effektiv måte enn det som er tilfelle med dagens løysing, fortel Aksnes.

Lettare for kunden

Gjennom avtalen skal Enoro såleis gi 112.000 sluttkundar betre styring over straumforbruket sitt.

Kunden slepp å lese av straummålaren, då denne informasjonen går rett til kraftleverandøren via nettselskapet.

– Vi har stor tru på at vi saman greier å hente ut vinstar som kjem kundane til gode gjennom samarbeid. Målsettinga er å redusere kostnader og risiko ved at alle selskap nyttar same teknologi og hjelper kvarandre med kompetanse og ressursar, seier Stein Bergheim, administrerande direktør i Nordvest Nett.

Stor konkurranse

I Enoro er Aksnes ikkje reint lite stolt over at verksemda frå vesle Dale har sigra i konkurransen med fleire store internasjonale konkurrentar.

Verksemda planlegg å starte leveransen allereie i år og å få programvara i sving frå 2014.

– Det er enormt stor konkurranse her. Utanom eit par norske verksemder, så konkurrerer vi med store internasjonale konsern og konsortium. Vi kjempar mot eit titals verksemder, og eg veit vi hadde 40 konkurrentar på eit tilsvarande løp, seier han.

– Vesentleg avtale

– Det er ei stor fjør i hatten, og noko vi verkeleg stolt over å vere med på. Ikkje minst er eg stolt over dei som har vore med å jobba dette fram. Dei har møtt nokon av dei skarpaste knivane frå internasjonal konkurranse, seier Aksnes.

– Kva betyr denne kontrakten for Enoro?

– Det er ein vesentleg avtale på fleire måtar. I kroner og øre er den på fleire titals millionar kroner, som er mykje for ein programvare. For det andre er det ein fyrtårnskunde og eit utstillingsvindauge for oss i Norge, Norden og i endå større skala, seier han.