Endå eit lam tatt av ulv

Det er oppdaga endå eit lam som mest truleg har blitt drepe av ulv, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn. I går undersøkte han lammet som blei funne vest for Laviksåta i Høyanger. Golf seier det hadde tydelege skadar etter eit nakkebit. I tillegg er det oppdaga to andre kadaver som ikkje har blitt undersøkte.