Hopp til innhold

Endå ein sjølvmeldingsglipp

Innbyggjarane i Feios, Fresvik og på Vangsnes har ikkje fått tilsendt sjølvmeldinga si frå trykkeriet.

Kluss med selvangivelser.
Foto: Helena Rønning / NRK

Fylkesskattesjef Aud Kari Isane beklagar det heile, og seier dei no sender ut sjølvmeldinga på nytt til dei råka. I tillegg får dei forlenga innleveringsfrist til 15. mai.

 

 

 

Produksjonskræsj

Isane seier det er problem ved trykkeriet i Oslo som gjer at dette har skjedd.

- Vi fekk beskjed midt i april om at det hadde skjedd eit produksjonskræsj, slik at det var nokon med 68-postnummer som ikkje hadde fått sjølvmeldinga, og det var folk i Lærdal og Vik, men dei tok oppatt produksjonen og  køyrde ut, slik at lærdølene og vikjene fekk brevet i påskeveka og litt etter. Men så viste det seg at det er tre av krinsane i Vik som ikkje har fått: Feios, Fresvik og Vangsnes.

For fort i svingane?

Det går fort i svingane når trykkeriet skal få trykt ferdig fleire millionar sjølvmeldingar. Men når om lag 700 personar i Fresvik, Feios og på Vagsnes ikkje har fått sjølvmeldinga slik dei skulle, er det kanskje grunn til å spørje seg om det har gått vel fort. Ole Jørgen Øygarden på Vagsnes reagerte på at han ikkje hadde fått sjølvmeldinga si - og seier alt rotet har vorte ein "snakkis" i bygda.

- Folk har lurt på om dei skal ta kontakt sjølve. Eg har sjølv etterlyst sjølvmeldinga, og får no ein kopi frå likningskontoret.

Også Eivind Rinde har reagert på at han ikkje har fått sjølvmeldinga si i postkassen.

- Eg reagerte på  at eg ikkje hadde fått sjølvmeldinga, medan andre eg snakka med hadde fått den, så eg tok kontakt med likningskontoret i Vik og fekk den ut derifrå.

Får utsett frist

Men fylkesskattesjef Aud Kari Isane kan roe nervane til dei som fryktar å bli for seine med sjølvmeldinga. For trass i at innleveringsfristen er måndag - vil innbyggjarane i dei tre bygdene no få utsett frist.

- Det skal ikkje bli nokon negative konsekvensar av dette. Vi sender eit brev til dei det gjeld om at dei får utsett frist til 15. mai med å levere, og vi vil gjere alt for at dei blir registrerte, slik at dei som skal ha skatteoppgjeret sitt i juni får det til rett tid.

Glipp nummer to

Fylkesskattesjefen seier seg lei for det som har skjedd. Dette er ikkje den einaste glippen i årets utsending av sjølvmeldingar. Ein del skatteytarar i fylket fekk ei sjølvmelding med ein trykkfeil som gjorde at dei ikkje kunne lese kor mykje dei skulle ha igjen eller skulda. Isane reagerer på at dei ikkje vart varsla av trykkeriet når dei visste at det kom til å bli problem før påske. No køyrer dei sjølvmeldinga til dei råka sjølv ut frå Sogndal.

- Vi vil ta saka opp med Skattedirektoratet og dei som står for produksjonen.

Ole Jørgen Øygarden på Vangsnes er også av dei som stiller spørsmål kring systemet.

- Eg reknar med at likningsstyresmaktene tek lærdom av dette og at det blir retta opp til neste år.