Hopp til innhold

Endå ein ny kontrakt til Havyard

Havyard Leirvik har fått kontrakt på bygging av eit ankerhandteringsfarty. Kontrakten er verd 245 millionar kroner.

Ankerhandteringsfartyet som Havyard Leirvik skal byggje.
Foto: Teikning: Havyard

Skipet skal leverast i desember 2007. Kontrakten inneheld også ein opsjon på bygging av eit skip av same typen for levering i mai 2008.

Det er reiarlaget Havila Neptun som har bestilt skipet.

Dermed har verftet ein rekordstor ordrereserve på 12 skip til ein samla verdi på tre milliardar kroner.

- Dette er ein viktig ordre for Havyard Leirvik. Den sikrar full sysselsetjing fram til utgangen av neste år, seier administrerande direktør Geir Johan Bakke i Havyard Leirvik.

Meldinga om denne siste kontrakten kjem alt dagen etter at verftet slapp nyhendet om at dei skulle byggje to supplyskip for eit indisk reiarlag.