Hopp til innhold

Ein person skadd i trafikkulukke

Ein person vart skadd då ein bil køyrte i fjellveggen ved Vetlebottentunnelen på riksveg 50 i Aurland fredag kveld.

Mannen vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus med lutfambulanse, men skal ikkje vere alvorleg skadd i følgje politiet.

Det var fire andre personar i bilen, men desse kom seg uskadde ut av bilen.

Det var glatt vegbane på ulukkesstaden.