Hopp til innhold

Truga med å sprengje lensmannskontor i amfetaminrus - får fire veker forlenga varetekt

32-åringen som i amfetaminrus truga med å sprengje lensmannskontoret i Gloppen i lufta i oktober fekk i dag fire nye veker i varetekt.

Gjensidigebygget på Sandane

VILLE SPRENGJE: Den 32 år gamle mannen truga med å sprengje lensmannskontoret på Sandane i lufta.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Han er tiltalt får å ha oppbevart to kilo dynamitt og to elektriske tennarar både i husværet sitt og på hytta si.

Han er vidare tiltalt for å ha oppbevart to kilo dynamitt, trass i at det var stole. Vidare er han tiltalt for å ha erverva dynamitten utan å ha løyve.

Hadde tre hagler utan å ha løyve til det

Han er også tiltalt for å ha oppbevart ei hagle på bupælen sin utan løyve, samt to hagler på hytta si, også desse utan løyve.

I tillegg er 32-åringen tiltalt for å ha køyrt scooter ved to høve utan å ha gyldig førarkort for dette.

Han er også tiltalt for å ha brukt amfetamin dagen trugsmåla vart framsette, samt i dagane før.

Det var i oktober i fjor at mannen, som blir sagt å vere ein kjenning av politiet, truga med å sprengje lensmannskontoret på Sandane i lufta på Facebook.

Trugsmålet vart sletta frå nettsida, men politiet fann likevel fram til kven som hadde komme med det.

Væpna seg før dei gjekk til aksjon

Sidan mannen hadde ei forhistorie knytt til våpen, valde politiet å væpne seg før dei gjekk til aksjon mot mannen.

Under ransakinga fann politiet at mannen oppbevarte om lag to kilo dynamitt, samt to elektriske tennarar. Politiet fann også ut at dei to kiloa med dynamitt, som mannen hadde både i husværet sitt og på hytta si, var stolne.

Han vart først sett fri mot meldeplikt, men få dagar seinare vart mannen arrestert på ny då det under avhøyr hadde komme fram ein del opplysningar som ikkje var godt nok dokumenterte.

Mannen har site i arresten sidan 18. oktober, og i dag vedtok Fjordane tingrett å forlengje varetektsfengslinga med fire nye veker.