Den eldste av dei to mennene som no er dømd i Sogn tingrett er i slutten av 20-åra. Han vedgjekk å ha hatt seksuell omgang med to jenter under 14 år sommaren 2004, men sa i retten at han ikkje var klar over at jentene var så unge. Men det einaste formildande i saka, meinte dommarane, var at mannen hadde erkjent tilhøva, og dermed letta etterforskinga for politiet.
Promilleprogram
Mannen var også tiltalt for ei rekkje andre forhold, og fekk ei straff på 2 år og 2 månader. Han må sone 14 månader i fengsel, i tillegg må han gjennomføre eit promilleprogram i regi av Kriminalomsorgen. Han må også betale ei erstatning på til saman omlag 90.000 kroner.
Trudde jenta var eldre
Tiltalte nummer to nekta fyrst for å ha hatt seksuell kontakt med ei jente under 14 år, men vedgjekk etter ei tid at det hadde vore kontakt mellom dei. Også han trudde jenta var eldre enn 14 år. Mannen er i byrjinga av 20-åra, og er no dømd til to år i fengsel, der eitt år og seks månader vart gjort på vilkår.