NRK Meny
Normal

Dømd for oppbevaring av dop

Endå ein person (22) er dømd i samband med den omfattande dop- og narkotikasaka som politiet i fylket har avdekka.

Narkotika
Foto: HANDOUT / SCANPIX

Den dømde sunnfjordingen hadde oppbevart anabole steroid og veksthormon som han hevda var til eige bruk, og blei dermed dømd for oppbevaring av narkotiske stoff.

LES: Distribuerte dop gjennom internett

Medverknad

I tillegg blei han dømd for å ha overlevert ein pakke med dopingmiddel, og deretter pengar som betaling for dopet, frå ein person til ein annan, sjølv om han ikkje sat att med nokon vinst etter overleveringa.

Retten grunna denne dommen med at sunnfjordingen var klar over at det var narkotika i pakken og dermed bidrog til å sikre utbyttet av ei kriminell handling.

Han vart dømd til 45 dager fengsel på vilkår og 10.000 kroner i bot.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser