Hopp til innhold

Dobbel lykke for Liverpool-fan (45)

Liverpool-supporteren frå Sogn og Fjordane fekk truleg tidenes laurdag. Samstundes som Manchester United tapte i Premier League, ringde Norsk Tipping med gladmelding.

Vinnartala laurdag 12. desember

DOBBEL LYKKE: Liverpool-supporterar har for vane å glede seg når Manchester United taper. Laurdag vart det dobbel lykke for Liverpool-supporteren då også Norsk Tipping ringde.

Foto: Norsk tipping

Den 45 år gamle familiefaren var ein av to Lotto-spelarar som kunne glede seg over nær fem millionar kroner kvar i går.

I tillegg tok eit partslag på ti spelarar resten av hovudpotten på over 14 millionar kroner.

– Kutt ut! Er det sant? Ja, no går pumpa her du, jubla Liverpool-supporteren frå Sogn og Fjordane då Norsk Tipping ringde.

– No blir det båt

For ikkje berre fekk han gladmelding gjennom telefonen. På TV-skjermen såg han at håpet om at eit Manchester United-tap for norske Joshua King og Bournemouth var i ferd med å realisere seg.

Mannen vart fylkets fjerde Lotto-millionær i år. Ifølgje Norsk Tipping vart det raskt klart kva milliongevinsten skal gå til.

– Vi vestlendingar må jo ha båt, så ein cabincruiser blir det nok til sommaren. Det blir nok også ein skikkeleg ferie på oss med heile familien, sa 45-åringen som leverte vinnarrekkja på Rema 1000 Deknepollen i midten av november.

Den andre spelaren som hadde sju rette laurdag, var ein mann frå Aust-Agder. Ingen av vinnarane på partslaget var frå Sogn og Fjordane.