Hopp til innhold

Diesellekkasje etter at vogntog hamna i grøfta

Det lak diesel frå eit vogntog som hamna i grøfta på Skei etter eit trafikkuhell.

Vogntog

TRAFIKKUHELL PÅ SKEI: Eit vogntoget sperrar det eine køyrefeltet etter eit trafikkuhell.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK

– Det er snakk om ein diesellekkasje, men det skal ikkje vere fare for brann, seier Terje Birkeland som er 110-operatør ved Alarmsentralen.

AMK melder om at det ikkje var personskade i samband med trafikkuhellet.

Vogntoget sperrar eine køyrefeltet etter uhellet.

– Det er dirigering på staden og det vert jobba med å kalle ut bilbergar, seier Birkeland.

Laster Twitter-innhold