Hopp til innhold

Han får ha perfekte skiløyper heilt for seg sjølv på Sognefjellet

Skiløypene på Sognefjellet er rekna for å vere dei beste i Europa nett no, men dei norske utøvarane glimrar med sitt fråvær. I staden er det utanlandske skiløparar som finpussar forma på vestlandsk jord.

Video Får nyte flotte skiløypet heilt åleine

ÅLEINE: Den tsjekkiske langdistanseløparen forstår ikkje kvifor ingen andre nyttar seg av dei flotte skiløypene på Sognefjellet.

Det er så vidt ei veke til verdscupen i langrenn startar. Men skal ein gå på ski må ein ha snø, og fleire stader er det stor mangel på det.

Per i dag er Sognefjellet den einaste staden i landet med skikkelege langrennsforhold, og det veit den tsjekkiske langrennsløparen Marin Koukal å utnytte. Han er forundra over at ingen andre er å sjå i løypene som av mange vert rekna som dei beste i heile Europa nett no.

– Det er fabelaktig. Det skjer ikkje ofte at du kan gå ute i så fint ver, og ha alt for deg sjølv, seier Koukal til NRK.no.

Flytta V-cupopning grunna snømangel

Medan mange gler seg over det milde og fine haustvêret er det ikkje alle som jublar like høgt. Dei som gler seg til å spenne skia på beina for å konkurrere må smørje seg med tålmod skal dei gå på fin snø her i Norge.

Neste helg er det verdscupopning i langrenn og den har allereie måtte flyttast på grunn av snømangel. Arrangørane på Sjusjøen lovar likevel at dei skal ha snø på plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Koukal

FLOTT: Den tsjekkiske skiløparen seier forholda er perfekte og at han får trent både klassisk og skøyting i dei fine løypene på Sognefjellet.

Foto: Anders Fortun

Men her er det perfekte forhold

På Sognefjellet er derimot situasjonen ein annan. Her speglar sola seg i nypreparerte løyper vel 1400 meter over havet. Koukal som trenar med eit austerriksk langdistanselag seier dei lenge har vore på leiting etter gode treningsforhold.

Det beste dei kunne finne i Europa er per dags dato nettopp Sognefjellet.

– Den beste plassen vi kunne finne for å trene var Sognefjellet, seier langrennsløparen.

Har ikkje sett nokon andre

Koukal får støtte frå trenaren sin Marc Hausen. Han seier dei perfekte forholda på Sognefjellet gjer det mogleg å trene både klassisk og skøyting. Dei lange løypene gjer og at det ikkje treng forandre mykje på treningsprogrammet sitt.

– Dette er veldig bra for denne årstida, seier Hauser.

Det at dei har løypene så godt som for seg sjølve ser dei også som ein fordel. I flott vêr og i stille omgjevnader kan dei konsentrere seg om å kome seg i form.

– Det er gode løyper og vi kan konsentrere oss 100 prosent om treninga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Koukal på Sognefjellet

ÅLEINE: Martin Koukal får ha løypene heilt for seg sjølv. Han forstår ikkje kvifor nordmennene held seg unna.

Foto: Anders Fortun

– Kvar er nordmennene?

Men kvar er eigentleg alle nordmennene lurer både Koukal og trenaren. Sjølv om dei gler seg over å ha løypene for seg sjølve forstår dei ikkje heilt kvifor ikkje fleire nyttar seg av dei flotte forholda.

– Sit dei heime og gjer ingenting? Vi hadde trudd at det ville vere fullt at nordmenn her, men her er jo absolutt ingen, seier Koukal.