– Det er litt sært. Vi kan kanskje kalle det ei nerdehelg, gliser Christian Skauge om nakensniglesafarien ved Gulen Dykkesenter.
Åtte nye artar i Noreg
Dei siste sju åra har dykkarar, forskarar og ekspertar funne 70 ulike artar nakensniglar her.
Åtte av desse er nye registreringar i Noreg. Doto maculata og Doto dunnei vart avdekka under den siste safarien.
– Dei er tidlegare mellom anna kjende frå britiske farvatn, og den nord-irske nakensnigeleksperten Bernard Picton var ikkje tvil då dei bitte små dyra kom til syne i stereoskopet, seier Skauge.
To verdssensasjonar
Truleg gjer straumforholda Gulen til eit eldorado nakensniglar. Då er det også ekstra stas å finne heilt nye registreringar. Slik som to artar forskarar no jobbar med, som er heilt nye for vitskapen.
Til dømes viser DNA-bevis at arten dei lenge trudde var ein rar variant av Flabellina lineata, faktisk er ei helt ukjend art.
– Vi såg detaljar i mikroskopet og fann grunn til å undersøke dei nærare. Sist gang dette skjedde på grunt vatn i Noreg var i 1939, fortel Skauge.
Frå heile verda
Austlendingen er den som saman med Gulen Dykkesenter arrangerer safarien. I år samla arrangementet 18 deltakar frå Noreg, Danmark, Nord-Irland, Frankrike, Tyskland, Nederland og Russland.
I alt fann dei 43 ulike artar under årets safari. Og dei skal heller ikkje djupt ned. Mellom fem og 25 meter finn ein mange artar.
– Dei fleste er to-tre centimeter store, men sjølv for erfarne dykkarar så er dei ikkje så lette å sjå. Du må leite etter det dei eter, det er ofte større og lettare å finne. Dukkar det opp, så er det store sjansar for også å finne snigelen, seier Skauge.
Ekspertise
Dei to siste åra har Bernard Picton, som har forska på nakensniglar i nær 40 år, delteke på safarien.
Picton er kurator ved National Museums of Northern Ireland i Belfast, og mellom dei som gir deltakarane ekstra fagleg utbyte.
– Når vi samlast slik, så kjem det dei som har veldig peiling på sniglar og er dyktige på å leite. Då finn ein mange ulike skapningar og vi kan setje oss ned og kose oss med forstørrelsesglaset. Det er fargerike og vakre skapningar, seier Skauge.