Hopp til innhold

Dei vann ikkje ein kamp på to sesongar - no har dei rykt opp for andre gong på like mange år

Først i sin tredje sesong tok Eikefjord Basket sin første siger. No er dei historiske – etter to opprykk på rad. Som seniorspelarar.

Eikefjord sitt basketballag

HISTORISKE: Som aldersfastlagde spelarar gjekk Eikefjord sine basketballspelarar to sesongar utan å vinne ein einaste kamp. No har dei teke to opprykk på like mange år som seniorspelarar. Bak frå venstre: Kazimieras Dzideriuz, Dag Nybø. Saulius Vasiliauskas, Sondre Nybø og Tor Erik Fester. Framme frå venstre: Andre Hatleset, Marius Sabaliauskas, Erlend Akselsen, Lamin Mammadou, Eirik Hjalte. Christoffer Akselsen var ikkje til stades då biletet vart teke.

Foto: Privat

Sjølve seriefinalen mot bergenslaget Frøya vart tapt 67-79, men med ein fin 2. plass i 3. divisjon er dei likevel klar for opprykk til nest høgaste nivå i norsk basketball.

– Eg må seie at vi vart litt forundra slik sesongen utvikla seg. Fram til ein månad sidan hadde vi ikkje tapt ein kamp sidan tidleg hausten 2012, fortel spelande trenar Dag Nybø.

Andre opprykket på rad

Det er nok ikkje alle som veit det, men Sogn og Fjordane har eitt seniorlag i basketball. I tillegg til Eikefjord, har også Svelgen, aldersfastlagde lag i seriesystemet.

I Eikefjord har dei endåtil klart opprykk to år på rad. Frøya sitt C-lag vann 3. divisjonen med to poeng.

Oransjetrøyene tok andreplassen fire poeng framfor Sandviken. Blant dei ti laga fann ein også tidlegare storklubbar som Ulriken og Gimle.

– Opprykket vart vel klart for to-tre veker sidan då vi måtte vinne ein av to kampar i Bergen, og vi sigra over Sandviken. Dei siste fire rundane har det diverre blitt nokre tap, seier Nybø.

Starta i 2007

I den grad ein kan kalle det eit eventyr, så starta Eikefjord med basketball i 2007.

Nybø, som tidlegare Ulriken-spelar gjennom 16–17 år, skipa eit gutelag då han flytta til bygda.

– Vi spelte turneringa og gjekk frå tap til tap i to år. Dei vann første kampen tredje året, men har heile vegen vore ivrige og flinke til å trene. No ser vi fruktene, seier han og fortel at også spelarar frå Sande, Bygstad og Svelgen reiser til Eikefjord for å spele basketball. har meldt seg på etter kvart.

Ettertrakta spelarar

Opp gjennom tida har tre spelarar fått vise seg fram på landslagssamling. Men verken Håvard Brandsøy, Sondre Nybø eller Erlend Akselsen har så langt fått spele med flagget på brystet.

Trenar Nybø har likevel god tru på at ein i framtida vil få sjå spelarar frå fylket i Eliteserien.

To av spelarane har fått tilbod om å prøve seg i aldersfastlagde lag i eliteserieklubbar i bergensområdet.

– Tilbakemeldingane frå landslagssamlingane har vore hyggeleg lesnad. Spelarane er veltrente og har god styrke, men fell igjennom på basketballskills og speleforståing. Det har samanheng med at dei er ferskare enn mange som basketballspelarar, meiner han.

Håpar å halde seg

Når Eikefjord no har teke steget opp til nest øvste nivå i norsk basketball, er det til ein divisjon med fem avdelingar. Underlagt basketballforbundet region Vest, er det lag frå Rogaland og Hordaland – og Sogn og Fjordane.

Målsetjinga er å halde seg i divisjonen.

– Nivået er nok merkbart høgare enn i 3. divisjon, så vi vil nok slite med å komme over midten på tabellen. Vi vil nok sikkert ligge på nedre halvdel. Vi har jo eit ungt lag, men dei blir berre betre og betre, seier han.

Vil ha fleire lag frå fylket

– Vi møter mykje tøffare lag. Det er heilt sikkert. Vi er eigentleg ganske gode på forsvarssida, men vi vil nok kunne trenge fleire angrepsoppsett til ulike typar forsvar som vi vil møte, legg Nybø til.

Og håpar at ein i framtida får sjå fleire lag frå Sogn og Fjordane i basketballserien.

– Basket er ein glimrande sport, som krev få spelarar. Det hadde vore kjempekjekt om ein i framtida fekk ein serie med berre lag frå Sogn og Fjordane, seier Nybø.