Det har lenge vore spenning rundt kven som skal få stå på scena saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) når dei for aller første gong tek turen til fylket 15. og 16. november. I dag kan arrangørane røpe dei aller fleste namna på artistlista.
Dei som vert presenterte i dag er Eva & The Heartmaker, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe og Good Time Charlie.
I tillegg ventar tre-fire overraskingar der berre nokre små detaljar manglar. Desse vert annonserte så snart alt er på plass.
– Gåsehud
Utplukkinga av artistar har vore svært vanskeleg.
– Eg får gåsehud når eg ser namnelista. Dette kjem til å bli fantastisk, sjølv om eg skulle ønskje at det hadde vore plass til endå fleire namn. Lista av aktuelle namn var stappfull av svært gode musikarar. Men det er dessverre veldig avgrensa plass, seier prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle.
- LES OGSÅ:
Fem konsertar
NRK og Operahuset Nordfjord står bak konsertane. Kringkastingsorkesteret skal gjere to skulekonsertar og tre opne konsertar i storstova medan dei er i fylket i november.
– Vi har jobba med dette i fleire år, så det er stort at det no endeleg skal skje, seier Sjursen Takle.
Sjefen for Operahuset på Nordfjordeid, Geir Holmen, gler seg også.
– Å få Kringkastingsorkesteret til fylket er ei storhending i seg sjølv. Med så mange dyktige artistar i tillegg, blir dette ei ekstra unik oppleving, seier Holmen.
Stort løft
Med på laget er også Sogn og Fjordane fylkeskommune som mellom anna syter for at 1.000 skuleelevar får oppleve generalprøva av den store konserten med KORK og artistar frå Sogn og Fjordane.
– Vi hadde heller ikkje klart å gjere eit så stort løft utan sponsorane våre Sparebanken Vest, Fjord1, SFE, Sunnfjord Geosenter, seier Holmen.
- LES OGSÅ:
Fleire artistar kjem
Det blir endå fleire namn på lista enn dei som vert presenterte no, men det står igjen nokre få detaljar før fleire flotte artistar kan offentleggjerast.
– I tillegg skal jo Kringkastingsorkesteret spele nokre verk heilt åleine også. Variasjonen kjem til å vere stor på desse konsertane.
– Dette blir noko ein berre må få med seg, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.