Hopp til innhold

– Dette er den perfekte samanslåingsregionen

– Leikanger, Sogndal og Luster ville ha blitt ein perfekt samanslåingsregion. Det seier professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Oddbjørn Bukve.

Oddbjørn Bukve, Kommunereform

PERFEKT: Professor Oddbjørn Bukve (t.h.) meiner dei tre sognekommunane hadde vore perfekte i lag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette må vere eit flott laboratorium for ei kraftfull satsing på utvikling i Indre Sogn, seier professor Oddbjørn Bukve.

Han meiner kommunane Leikanger, Sogndal og Luster ville ha blitt ein perfekte samanslåingsregionen

Oppfyller krava

For knappe to veker sidan føreslo eit ekspertutval at framtidas storkommunar bør ha minst 15000 innbyggjarar og at ein må ta utgangspunkt i bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Dei tre sognekommunane oppfyller dette, seier Bukve.

– Avstanden mellom kommunesentera er kort. Det er ingen som har meir enn ein times reiseavstand til senteret, seier Bukve, han legg til at det allereie i dag er mykje pendling.

Luster vil bli taparen

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

TAPER: Ordførar i Luster Ivar Kvalen meiner kommunen hans vil tape på ei samanslåing.

Foto: Luster kommune

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er motstandar av ein storkommune, fordi han meiner Luster allereie i dag leverer gode tenester til innbyggjarane.

– Vi har ei veldig fin utvikling, ei fin folketalsutvikling og bedriftsetableringar. Luster er ein av landets største kommunar i geografi. Det vil bli lange avstandar frå den yttarste delen av kommunen til det eventuelt nye kommunesenteret i Sogndal, kanskje to timar i bil, seier Kvalen.

Han meiner dette er ein heilt feil veg å gå og er overbevist om at utkantane i Luster vil bli den store taparen i denne storkommunen.

– Ein ser at folketalet i Leikanger, Luster og Jostedalen er ganske avhengige av alle dei gode kompetansejobbane som finst i Sogndal. Og dei har også fått lovnad på at økonomien skal bli minst like god i den samanslåtte kommunen som i den enkelte kommunen har i dag, forklarar Bukve.