Dataspel gjev sløve elevar

Bruk av dataspel går ut over skulegangen til fleire vidaregåande elevar.

Dataspill kan bli tvangslidelse
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Randi Faugstad, pedagogisk ansvarleg ved Øyrane vidaregåande i Førde, seier dataspelinga har blitt eit problem dei er stadig meir oppmerksame på.

- I desse spela lever ein i si eiga verd. Ein treng ikkje nokon sosial kontakt utanfor seg sjølv, fordi spelverda blir den sosiale kontakta eleven har, og kanskje den einaste han får tid til å ha òg.

Trøytte og uopplagte

Counterstrike, Wow, Battlefield 2 og andre valdelege dataspel pregar no kvardagen til svært mange born og unge, og spesielt gutar. Frå 10-11 årsalderen brukar mange svært mykje tid på dataspelinga, og ofte endå meir tid når dei kjem på ungdomsskulen.

- Mykje tyder likevel på at denne omfattande spelinga fyrst vert skikkeleg synleg på vidaregåande, der stadig fleire elevar ikkje greier å fullføre skulen, seier Randi Faugstad.

- Vi opplever at ein del elever er veldig trøytte, og har ein mistanke om at dei spelar om natta. Og nokon seier også at dei legg seg seint.

Har auka siste året

- Det er ikkje slik at eleven dett ut plutseleg. Det er mange åtvaringar og samtalar før ein kjem så langt at ein faktisk fell ut. Og vi prøver jo å hanke eleven inn att. Men når det først er gått så langt at dei ikkje ser seg råd til å fullføre, har vi oppfølgingstenesta som prøver å gi dei eit tilbod.

- Eit viktig tiltak er det å kome presis på skulen og på jobb, seier ho.

Faugstad seier det er spesielt i år ho har sett dette problemet tydeleg.

Fleire ringjer hjelpetelefon

Illustrasjon

Rådgjevar Guri Sandelin Rekve i Lotteritilsynet seier at den veldige dataspelinga mellom mange unge er blitt ei viktig oppgåve også for dei. Ho seier dei har fått fleire meldingar frå bekymra foreldre. Lotteritilsynet har kontakt med hjelpelinjen, som er den telefonen ungdom kan ringe inn til viss dei får problem med all slags spel. Og der ser dei ei endring frå at mange tek kontakt i forhold til automatar, til at dei no tek kontakt i forhold til vanlege dataspel.

- Men då handlar det ikkje om å tape pengar, men å bruke for mykje tid framfor skjermen. Det er ein overdriven bruk av spel som er på grensa til avhengigheit.

Ho føresler at foreldra snakkar med ungdomen om dataspela, og at dei ikkje misser kontakten med dei. Ho seier det er viktig å setje grenser, og til dømes sette opp ein tidskonto.