Hopp til innhold

Slik starta damene gullfesten i NM

Tambarskjelvar sine to dameløftarar starta det som kan bli ein gullfest for klubben på årets NM i vektløfting. – Vi får satse på at gutane følgjer opp, flirer dei to unge damene.

Marit Årdalsbakke og Sandra Trædal

GULL: Både Marit Årdalsbakke og Sandra Trædal kunne bite i gullet etter innsatsen på NM i Stavanger.

Foto: Privat

Marit Årdalsbakke og Sandra Trædal, begge 21, hadde fått jobben med å representere Tambarskjelvar IL i dameklassane under NM i Stavanger. Og dei viste bokstavleg talt konkurrentane ryggen.

Årdalsbakke vann klasse 63 kilo med åtte kilo margin ned til sølvplassen, medan Trædal slo sølvvinnaren med ni kilo.

For Årdalsbakke er det hennar andre NM-gull.

– Eg vann NM-gull i Naustdal for to år sidan også, men dette er mykje større. Eg har blitt ein del sterkare og det har blitt ein del meir konkurranse, seier 21-åringen.

Persa i både rykk og støt

Årdalsbakke studerer til dagleg fysioterapi i Oslo, og trenar på Olympiatoppen. Vektløfting har ho sysla med i litt over fire år, men det er først det siste halve året ho har satsa for fullt. Og det har gitt resultat.

Etter å ha bomma på 75 kilo i andre forsøk i rykk greidde ho det i siste, medan ho i støt sigla gjennom alle løfta med godkjente løft på både 85 kilo, 90 kilo og 93 kilo.

– Eg følte meg bra i dag og visste at eg var i form. Eg veit eg har fått trene bra i det siste, så det var berre å halde nervane i sjakk, seier ho til NRK.no.

I rykk vart det dermed personleg rekord med to kilo, medan ho persa i støt med tre kilo.

Likevel, ho meiner sjølv ho hadde meir inne.

– Eg hadde håpa å greie 75 kilo i rykk på første forsøk, slik at eg hadde kunne persa meir i sisteløftet. Men eg var nok litt smånervøs, vedgår ho.

– Du slår sølvmedaljevinnaren med åtte kilo?

– Ja, det var ganske bra. Eg er begynt å bli litt sterk, vedgår ho flirande.

– Det vart nesten for lett

Lagvennina Sandra Trædal var ikkje dårlegare, også ho kan reise heim med gull i bagasjen. Trædal studerer til dagleg på lærarskulen i Sogndal og løftar i klassa inntil 58 kilo.

Trædal har over 20 medaljar i ulik valør frå tidlegare NM, og sjølv med eit nytt gull er ho ikkje heilt nøgd med løftinga. Ho vart ståande med 59 kilo i rykk og 79 kilo i støt. I rykk er resultatet tre kilo under pers, medan støten tangering av pers.

– Vektene var kjempelette i dag. Det vart nesten for lett... Eg følte eg hadde meir enn nok krefter, seier ho til NRK.no.

– Eg følte det var så lett at nesten ikkje budd på det. Eg kvapp nesten litt, seier ho og fortel at ho vil prøve førebu seg betre til neste meisterskap.

– Likevel er det ni kilo ned til sølvplass?

– Jo, jo. Det er jo det. Eg er nøgd med gull, men løftinga mi kunne vore betre, seier ho.

Tambarskjelvar IL har fleire medaljehåp også i herreklassen. NRK kjem tilbake med resultat frå herreløftinga.