Hopp til innhold

Charlotte har laga eit rom av eventyr

FØRDE (NRK): Charlotte Rintler måtte leite etter inspirasjon i eventyrbøkene til dottera, då ho måla eventyrfigurar frå golv til tak i Eventyrrommet.

Charlotte

55 KJENDE EVENTYR: Charlotte Rintler er kunstnaren bak Eventyrrommet med 55 kjende eventyr på veggane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Inspirasjonen fekk eg frå eventyrbøkene til dottera mi, samt barnebøker med gamle illustrasjonar, og det eg sjølv beundra som liten, fortel kunstnaren Charlotte Rintler.

Eventyrrommet på Førdehuset er eit samarbeid mellom Rintler og Sogn og Fjordane Teater. Over 55 kjende eventyr er å finne på veggane, der Rintler har stått for måling og design.

– Det var viktig for meg at teikningane var profesjonelle og djupare enn kva ein ofte finn i barnebøker. På den måten trur eg fantasien til borna vert betre, meiner Rintler.

Framover skal det vere eventyrstunder for born i det spesielle rommet.

– Eventyrrommet er til for borna som vil komme inn i vår magiske verd, der dei kan oppleve mange forskjellige eventyrfigurar. Vi sjekkar ikkje legitimasjon i døra, så vaksne får lov til å vere med, fortel informasjons- og marknadssjef for Sogn og Fjordane Teater, Lene Grande.

Kunst

KJENNER DU ATT NOKON?: På veggane i Eventyrrommet er det mange kjende og kjære figurar, både for små og store.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Raud løpar og saft

raud løpar

RAUD LØPAR: Til den offisielle opninga av Eventyrrommet var både ballongar og raud løpar på plass.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Nær 40 barnehageborn frå Bergum barnehage var invitert til ei offisiell opning av Eventyrrommet i Førde. Det var lagt ut raud løpar, dekka på med saft og pynta med ballongar til den store premieren.

– Vi er veldig stolt over Eventyrrommet her på Førdehuset, så då måtte vi sjølvsagt har ei premiere. Eventyra bur inne i dette rommet og her skal dei leve lenge. Enten gjennom song, høgtlesing eller skodespel, fortel Margunn Grytten Selvik, konstituert teatersjef for Sogn og Fjordane Teater.

Skodespelarane Kyrre Eikaas Ottersen og Reidun Melvær Berge fortalde eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane under opninga.

– Auga til borna var skikkeleg store og dei var heilt med. Sjølv har eg aldri sett eit så fint rom, seier Reidun Melvær Berge som hadde rolla som Gullhår.

Teater

DET VAR EIN GONG: Eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane var godt likt blant borna.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

La fram planane for hausten

Eventyrrommet var berre noko av det Sogn og Fjordane Teater lanserte av haustprogrammet sitt den 12. mai.

Teater

LITT FOR ALLE: Konstituert teatersjef, Margunn Grytten Selvik, meiner programmet denne hausten har litt for alle.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi har eit program med litt for alle denne hausten. Alt frå spenningshistorie på intimscena til juleevangeliet før jul. Mot slutten av året har vi eit julespel som er ei storsatsing saman med tre kulturskular i fylket, fortel konstituert teatersjef, Margunn Grytten Selvik.

Gjennom hausten skal Sogn og Fjordane Teater innom 46 stadar i fylket. Denne hausten tek dei blant anna turen til fleire ungdomshus for å syne førestillinga På lokalet.

– Det er populærmusikk frå 40- til 80-talet som skal fortelje ei historie med dans og song. Dei fleste har ei forhold til desse ungdomshusa, og det sit mykje historie i veggane, avsluttar Grytten Selvik.