Hopp til innhold

Bustadhus brann ned i Svelgen

Eit bustadhus har brent ned på Langeneset like utanfor i sentrum av Svelgen.

Brann på Langeneset i Svelgen

OVERTENT: Eit bustadhus i Svelgen er totalskadd i brann.

Foto: NRK.no-tipsar

Bustadhuset stod ikkje til å redde, for det var overtent då brannvesenet kom til staden.

Ingen i huset

– Huset er overtent og brannmannskap jobbar på spreng for få kontroll på brannen, sa operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt i 7-tida.

Politiet fekk melding om brannen via Alarmsentralen Sogn og Fjordane like over klokka seks.

– Vi fekk fort konstatert at det ikkje var folk i huset då brannen starta. Vi kan ikkje seie noko om brannårsak, men det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg til andre hus, seier Verøy til NRK.no.

Huset er totalskadd

Klokka 08.20 arbeidde brannmannskapa framleis på staden.

– Huset er nedbrent, men det står ein vegg igjen. Brannvesenet driv no med ettersløkking. Det er 13 mann på staden i tillegg til ambulansepersonell, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.