Hopp til innhold

Busselskap får bot

Eit litauisk busselskap har godteke 32.000 kroner i bot for å ikkje legge til rette for at sjåførane kan følgje køyre- og kviletidsreglane. Tre bussar frå selskapet vart stogga i Indre Sogn i fjor og kontrollane avdekka til dels grove brot på reglane. På det meste køyrde ein av førarane 252 timar og 20 minuttar utan godkjent vekekvil.