Hopp til innhold

Buss mot trailer i Solund

Fylkesveg 606 i Solund er opna att etter at ein trailer kolliderte med ein buss i føremiddag.

Hagelva

Ulukka ved Hagelva vart meldt klokka 1034. Politiet har fått opplyst at sju-åtte personar er involverte i ulukka mellom Dalsøy og Krakhella.

– Utanom bussjåføren som skal til legesjekk med eit vondt kne, skal det ikkje vere personskade, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt i Bergen.

Samanstøyten skjedde i ein sving, så ingen av køyretøya hadde høg fart. 110-sentralen i Hordaland opplyser at det er noko lekkasje av kjølevæske frå køyretøya.

– Traileren er lasta med spillolje, men det skal ikkje vere lekkasje, seier Hellesund.

Vegen var ein periode heilt stengd på grunn av samanstøyten.