NRK Meny
Normal

Brukar stadig meir på tolketenester

Det vert brukt stadig meir pengar på tolketenester i fylket. I Helse Førde er utgiftene dobla på fem år. Også hos NAV og i kommunane aukar utgiftene.

Rett til tolk-rapporten

FLEIRE TRENG TOLK: Alle etatar NRK har vore i kontakt med brukar meir tolk no enn tidlegare.

Foto: NRK

Alle reknar med ein framleis auke i åra som kjem.

– Til no i år har vi passert 500 000 kroner, seier leiar Arild Melvær ved Innvandrarsenteret i Florø. Dei har auka tolkebudsjettet til 700 000 kroner.

– Eg meiner det er bra at det blir brukt mykje tolk. Då slepp ein mykje mistydingar og meir arbeid.

Dobling frå 2010

Alle etatar NRK har vore i kontakt med brukar meir tolk no enn tidlegare. I Helse Førde vil dei i år nytte 600 000 kroner, på rundt 1300 tolke-timar. Det er ei dobling frå 2010. Også hjå NAV peikar pilene oppover.

– Vi opplever nok at det har vore ein del auke, ja, seier NAV-leiar i Førde Magne Berg.

Om lag 40 prosent av dei arbeidsledige i fylket er arbeidsinnvandrarar eller flyktningar.

– Med den oversikta vi har no så ser det ut til at vi har 100 timar på eitt år. Vi må nok rekne med at det vil auke, seier Berg.

Tolkeutdanninga ligg langt etter

Hos eit av dei største tolke-selskapa i landet, HERO Tolk, har etterspurnaden auka sterkt sidan i sommar.

– Det har nesten eksplodert. Vi har vel ein auke no på 30 – 35 prosent, spesielt på språk knytt til Syria, Afghanistan og Eritrea, seier dagleg leiar Gierth Mejdell.

Mejdell seier det er eit stort problem å få tak i autoriserte tolkar.

– Forskjellen mellom talet på autoriserte tolkar og behovet som er i Norge er ganske stort. Det blir forsterka no, og tolkeutdanninga i Norge ligg langt etter, så det er eit stor utdanning.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.