Hopp til innhold

Bru brotna - gravemaskinen i elva

Føraren slapp frå det med skrekken då brua under han brotna og gravemaskinen hamna i elva.

Gravemaskin i elva ved Fardal i Sogndal.
Foto: Arne Eithun / NRK

Gravemaskin i elva ved Fardal i Sogndal.
Foto: Arne Eithun / NRK

Det skal byggjast ny bru på riksveg 55 ved Fardal, mellom Leikanger og Sogndal. Den gamle brua vart skadd under storflaumen i november i fjor.

I desse dagar held entreprenøren på med å rive den gamle brua, medan bilane køyrer på ei provisorisk bru rett attmed.

Men i dag heldt det på å gå skikkeleg gale då ei gravemaskin dreiv med rivingsarbeid. Brått brotna brua under maskinen, og både maskin og førar stupte rett i elva. Gravemaskinen vart liggjande på sida, medan føraren kom seg uskadd ut. Førarhuset vart delvis liggande i vatnet, men heldigvis for føraren  er det lite vatn i elva.