Hopp til innhold

Bringebærboom i Norge

Fleire og fleire kjøper bringebær i butikken.

Bringebær

Stor auke i bringebærsalet.

Foto: Suchada Krokmyrdal

Salet av bæret har auka frå åtte tonn til 850 tonn på ti år. Det syner tal frå Bama.

– Det er ei kjempestor auke, seier Ola Hopperstad, Dagleg leiar i Sognabær. Han er glad for auka.

Meir enn 55 prosent av produksjonen kjem frå Sogn og Fjordane, som i år leverer opp mot 450 tonn korgbær og nesten 1000 tonn bær til industrien.

– Har du inntrykk av at nordmenn har blitt meir glade i å ete bringebær frå korga?

– Ja, det har blitt veldig populært. Bringebær har kanskje blitt ein tredjedel så populært som jordbær. Det fortel jo litt, svarar han.

– Kan bringebærprodusentar gni seg i nevane på grunn av auka?

– Nei, eg vil ikkje sei det. Prisen er slik at ein balanserer på sjølvkost.