Hopp til innhold

«Ein må fleire hundre år attende for å finne sist breane var så små som dei er no»

Isbreane i Norge held fram med smelte. Nye målingar viser at 26 av 33 brear har trekt seg tilbake.

Nigardsbreen

GÅR TILBAKE: Nigardsbreen i Luster har tydeleg gått tilbake frå 2004 til 2013.

Foto: Hallgeir Elvehøy / NVE

Tilbakegangen i år er noko mindre enn i perioden 2003 til 2012, men konklusjonen er likevel klar. Brefrontane held fram med å smelte.

Unntaket er fire brear som er uendra, og tre som har vist framgang. Senioringeniør Hallgeir Elvehøy hos NVE er ikkje overraska.

Austre Okstindbreen

2013:Austre Okstindbreen i Hemnes har trekt seg tilbake 40 meter i år og 115 meter sidan 2006.

Foto: Kjell-Harald Nesengmo / NVE

– Det er ein trend som har gått sidan tusenårsskiftet, at breane som på 90-talet hadde framstøyt no har gått attende og etter kvart blitt mindre enn dei var før framstøyten, seier han.

192 meter tilbake

I snitt har dei 26 breane trekt seg attende med 192 meter dei siste ti åra. Største tilbakegang siste året hadde Austre Okstindbreen i Hemnes, der breen har trekt seg 40 meter tilbake.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalsbreen 2012

FRAMGANG: Briksdalsbreen i Stryn har vist litt framgang.

Foto: Atle Nesje

Vidare følgjer Rundvassbreen i Sørfold med 37 meter, og Stigaholten i Luster med 36 meter. Elvehøy seier variasjonen er stor – frå 400–800 meter på vestsida Jostedalsbreen til 60–100 meter i Jotunheimen.

– Det er nok diverre ikkje håp om at det snur. Det er ikkje noko som tyder på at dei vil byrje å leggje på seg att, så vi ventar at dei vil halde fram med å trekkje seg tilbake i frontane også, seier Elvehøy.

Borte om 10–20 år

Austre Okstindbreen

2008: Austre Okstindbreen for fem år sidan.

Foto: Kjell-Harald Nesengmo / NVE

Dei fleste breane i Norge er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år.

– Då snakkar vi om før den vesle istida, seier Elvehøy og fortel at berre Nigardsbreen på austsida av Jostedalsbreen framleis er større enn på 1980-talet.

– Kor lang tid tek det før vi kan risikere at det ikkje er brear lenger, i til dømes Sogn og Fjordane.

– Uansett korleis det går framover, så tek det lang tid å smelte vekk alt. Det som kan skje er at desse veldig små breane kan bli borte. Om 10–20 år så er det ikkje så mange att av desse små breklattane i fjellsida eller inst i ein botn.

Austre Okstindbreen i 2008 og 2013

FØR OG NO: Engabreen, ein utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 20 meter i år og 318 meter sidan 1999 då det siste breframstøytet stoppa opp. Biletet til høgre er frå 1998.

Foto: Kjell-Harald Nesengmo / NVE

Kan føre til fleire skred

Elvehøy seier tilbaketrekking av brear kan føre til fleire skred i terreng der det tidlegare har vore isdekt. Den største konsekvensen er likevel det visuelle.

– Det blir store endringar. Eg hugsar på 90-talet, då det ikkje var vatn i forkant av Briksdalsbreen fordi heile dalen var islagt. No er det berre ein liten bretarm i fjellsida, seier han.

– For naturen er ein av følgjene av tilbakegangen at ein får avdekkja mykje land som har vore dekka av is. Du kan få mykje skred i terreng der det før har vore dekt av isbrear, seier Elvehøy.