Hopp til innhold

To personar blir sjekka for røyskadar etter brann i Måløy

Naudetatane rykte i ettermiddag ut til ein brann i ei leilegheit i Måløy. Brannen er no sløkt.

Brann i Måløy

BRANN I LEILEGHEIT: Brannen oppstod i ei leilegheit i Gate 4 i Måløy.

Foto: Eva Westvik / NRK

Politiet fekk melding om brannen rundt kl. 15.30, opplyser Vest politidistrikt. Brannen skal ha oppstått i ei leilegheit i første etasje, men Alarmsentralen melder at brannen no skal vere sløkt. To personar blir undersøkte for røykskadar, opplyser Vest politidistrikt.

– Det var mykje røyk, men ikkje synleg eld, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Brann i Måløy

BRANN I LEILEGHEIT: Naudetatane rykte ut til brannen i ei leilegheit i Gate 4 i Måløy.

Foto: Eva Westvik / NRK

Bygget har fire etasjar og rommar 38 leilegheiter. Alle bebuarane kom seg ut av bygget etter at brannen starta.