Hopp til innhold

Brann i lastebil

Ein lastebil brann ved Erdal like utanfor Førde, men brannen er no under kontroll.

Lastebilbrann

BRANN: Ein lastebil byrja å brenne like utanfor Førde. Brannen er no under kontroll og ingen personar er skadde.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Ingen er skadde, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved politiet i Sogn og Fjordane til NRK.

Vegen, som går mellom Førde og Naustdal og vidare til Florø, var mellombels stengd i rundt tre kvarter etter hendinga. NRK sin reporter på staden opplyste at køane raskt vart lange.

Politiet opplyser at vegen no er opna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lange køar

LANGE KØAR: NRK sin reporter på staden opplyser om at køane på staden vart lange. Vegen er no opna.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Brannen er sløkt, og det er ingen person- eller røykskadar. Saka vert følgd opp av Førde lensmannskontor.

Brannen starta i eit dekk, fortel Nina Andal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

– Brannvesenet har kome fram. Det brann i eit dekk. Slik vi forstår det har dei no kontroll, seier Andal til NRK klokka 17.30.

NRK oppdaterer saka.

Lastebil
Foto: Eva Marie Felde / NRK
Erdal