Hopp til innhold

Kommunehuset stod i full fyr

Det brenn torsdag morgon i Heradshuset på Sandane. 20 brannmenn er til stades for å halde brannen under kontroll.

Kraftig brann i kommunehuset

STORBRANN: Heradshuset på Sandane har stått i full fyr i natt.

Ifølge politiet er brannen under kontroll i 5-tida. Men flammane har stått igjennom taket på huset, som er brukt som kommunehus i Gloppen.

Det bur ingen i huset og det var aldri nokon fare for spreiing.

Krevjande sløkkearbeid

– Vi fekk melding om brannen klokka 2.22 og berre minuttar etter var brannbefalet framme på staden, det seier vaktleiar Magny Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.no klokka 05.20.

Brann i heradshuset på Sandane

BRANN: Flammane stod igjennom taket på huset, som er brukt som kommunehus i Gloppen. Foto: NRK-tipsar

I tillegg til mannskapet frå Sandane vart mannskap frå Byrkjelo, Skei og Hyen kalla ut. Til saman er oppunder 20 brannmenn i aksjon, seier vaktleiaren.

– Det var behov for fleire røykdykkarar, seier ho om at fleire andre stasjonar vart kalla ut.

– Dette er eit murhus, så vi må også inn for å sløkke, seier ho.

Operasjonsleiar Inge Verøy ved Vest politidistrikt seier brannvesenet har fått hjelp av private firma med lift for å komme seg til med sløkkeutstyr.

– Dette er eit høgt bygg, seier han og fortel at brannvesenet har drive med sløkking både innanfrå og utanfrå.

– Det var lenge eit krevjande sløkkingsarbeid, seier Verøy. Han fortel at det er store skadar i takkonstruksjonen.

Brann Heradshuset på Sandane

FEKK HJELP AV LIFT: Brannvesenet måtte sløkke brannen ovanfrå.

Foto: TIPSER

Driv med ettersløkking

Politiet i Sogn og Fjordane melde like over klokka 05 at brannvesenet har fått kontroll på flammane. Det brenn då framleis i bygget og ifølgje naudetatane er det i hovudsak i øvste etasje og i taket det har brunne.

– Brannen er innvendig, men vi veit ikkje så veldig mykje. No er dei i ein fase med ettersløkking og det er lite synlege flammar er den siste beskjeden vi har fått, seier Brandsøy.

Etter det Alarmsentralen veit var det ikkje personar i bygget då brannen starta. Bygget inneheld kontor og er base for mellom anna toppadministrasjonen i Gloppen kommune.

Sidan det er snakk om eit murhus har det ikkje vore fare for at brannen skal spreie seg til andre nærliggande bygg, seier Brandsøy.

Brannårsaka er uviss, opplyser politiet. Dei trur at dei ikkje vil få moglegheit til å gjere undersøkingar før tidlegast på fredag.

Brann i Heradshuset på Gloppen

STORE SYNLEGE FLAMMAR: Brannen i Heradshuset gjekk gjennom taket.

Foto: TIPSER