NRK Meny
Normal

Brann i fjellsida etter lynnedslag

Eit lyn har slått ned på fjellet over Kandal i Gloppen kommune og det byrja å brenne i fjellsida.

Brann Kandal

BRANN I FJELLSIDA: Brann i fjellsida ved Kandal i Gloppen kommune.

Foto: NRK-tipsar

– Det kom heldigvis ei kraftig regnskur. Det har hjelpt mykje, men det brenn framleis litt, opplyser vaktoperatør Dagny Røyrvik ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane klokka 08.38.

Det var litt etter klokka 07 at lynet slo ned i det bratte terrenget i fjellsida over bygda Kandal på vestsida av Breimsvatnet.

– Vi har sendt opp ein mann frå brannvesenet saman med lokale kjentmenn, opplyser Røyrvik.

Ho håpar regnvêret tek seg av brannen.

– Det er svært vanskeleg terreng i området, seier ho.

Like før klokka halv ti melder alarmsentralen at brannen er sløkt. 10–15 kvadratmeter er svidd av.

I området Flenjahornet/Lofti i Aurland, på drygt 1000 meters høgde, ulmar det framleis litt i terrenget. Lynet slo ned i området i går kveld, og mannskap frå lokalt brannkorps har halde utkikk gjennom natta.

I 20-tida i går slo lynet også ned i fjellsida over Vassbygdi i Aurland. Denne brannen vart sløkt av ei kraftig regnskur, og regnet har også i stor grad sløkt branntilløpet på Flenjahornet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser