Hopp til innhold

Sunnfjord Energi fekk bot for ATV-bruk i naturreservat

Sunnfjord Energi har fått 50.000 kroner i bot for å ha nytta ATV under vedlikehald av kraftlinene i Kleppstølsvatnet naturreservat i Naustdal.

Køyringa har ført til ein del terrengskadar i naturreservatet.

SKADAR: Køyringa har ført til ein del terrengskadar i naturreservatet.

Foto: SNO

Kleppstølsvatnet naturreservat i Åsedalen blir rekna som eit velutvikla myrområde med spekter av ulike murtypar og vart verna 18. juni 2004.

Fredrik Behrens

AKSEPTERTE: Administrerande direktør Fredrik Behrens, seier Sunnfjord Energi aksepterte bota sjølv om det vart funne spor dei meiner ikkje kjem frå deira arbeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ved å bruke ATV under vedlikehaldsarbeidet i november og desember 2013 meiner politiet at Sunnfjord Energi påførte området skadar.

– Vi aksepterte bota, utan å akseptere skyld, og har sikra at rutinane no er slik at ingen skal inn i desse områda utan at det er gjort skikkeleg søknad på førehand, seier administrerande direktør, Fredrik Behrens.

Vart oppdaga av SNO

Hjulspora i verneområdet vart oppdaga og meldt av Statens naturoppsyn (SNO).

Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har forvaltningsmynde og forvaltar eventuelle søknader om dispensasjon.

Køyrespor langs kraftlina inne i naturreservatet.

SPOR: Spora følgde kraftlina inn i naturreservatet.

Foto: SNO

Seniorrådgjevar Johannes Anonby seier myr er utsett for skade.

– Køyring på barmark i desse myrområda er noko vi ser ganske alvorleg på. Vi har sett ein del stader at spor blir ståande i årevis. Ein kan også risikere erosjonsspor der mosen blir borte, skaden tørkar ut og det kjem andre plantar inn, seier han.

Endra rutinar

I forkant av arbeidet undersøkte ikkje Sunnfjord Energi om det var moglege avgrensingar for ferdsle og tiltak i området. Dei kunne søkt fylkesmannen om dispensasjon.

GPS-logg av køyrespora i Kleppestølsvatnet naturreservat

LOGG: GPS-logg av køyrespora inn i Kleppstølsvatnet naturreservat i Åsedalen i Naustdal.

– Viktige moment er om arbeidet kan gjerast på andre måtar enn ved bruk av motorkøyretøy. Ein kan til dømes løyse det med å gå til fots eller på ski, eller å utføre arbeidet ei anna tid på året, seier Anonby.

Dette er rutinar energiverket no har fått på plass.

– Intensjonen er at linjene gjekk lenge før sonene vart oppretta, så det er openbart for alle at vi må inn å gjere vedlikehald. Så er det ingen tvil om at når dei oppretta desse sonene så krev det at vi søkjer i kvart tilfelle der vi skal inn med maskiner, seier Behrens.

Fann andre spor

Dersom Sunnfjord Energi ikkje hadde godteke bota på 50.000 kroner, ville påtalemakta lagt ned påstand om 60.000 kroner i tingretten.

Behrens seier dei vart overraska over bota.

– Samstundes var det påvist spor som vi ikkje var like sikre på var frå oss, men det å ta fighten opp for å bevise vår uskuld for spora som var påvist såg vi på som nyttelaust, seier Behrens.