Hopp til innhold

Blir storkommunar – men har ikkje plass til dei nye kommunestyra

Storkommunen nye Sogndal vil få så mange representantar i kommunestyret at dei må leige lokale hjå andre for å møtast. For storkommunen i indre Sunnfjord blir den nye bystyresalen i Førde for liten.

Førde bystyre

FOR LITE: Bystyresalen i nye Førde rådhus er full når dagens 27 representantar møter. Storkommunen skal ha 45 representantar. I Sogndal må dei truleg leige lokale for å få unna møta til dei 37 representantane dei vil ha der.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nye Sogndal kommune, som skal omfatte dagens Balestrand, Leikanger og Sogndal frå 2020, skal få 37 representantar i kommunestyret.

Det har fellesnemnda bestemt. Kommunen vil få under 12 000 innbyggarar.

Til samanlikning sit det 31 representantar i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Dei styrer 110 000 innbyggarar.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

STORT: Ordførar Jarle Aarvoll er leiar i fellesnemda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Talet gjekk i gjennom utan at det kom store motargument, fordi det venta større spørsmål seinare i forhandlingane, forklarar ordførar Jarle Aarvoll, om bakgrunnen for kvifor fellesnemnda valde det høge talet.

Han vedgår at 37 er eit stort tal representantar. Og at det minner om samansetninga av kommunestyre på 1980-talet.

– Det var ulikt syn i nemnda. Ytterpunkta var 25 og 40 representantar. Eit argument for at vi enda på 37 var at vi får ei sterk folkevald styring, seier ordføraren.

Trongt i Leikanger

Kommunestyret i nye Sogndal skal sitje i Leikanger. Men der blir rådhuset for lite. Aarvoll ser ikkje bort ifrå at det nye Sogndal difor må leige Firda-salen på fylkeshuset.

– Men vi har ikkje spurt om lov enno.

Kommunestyret Leikanger

TRONGT: Det ville blitt trongt med 37 representantar i kommunestyresalen i Leikanger. I dag husar den 17.

Foto: Ole Ramsus Sælthun / NRK

Personleg meiner han at tal representantar burde vere mindre.

– Eg meiner at vi ville fått like mykje demokrati med færre folkevalde, så lenge vi har folk med frå heile kommunen. Men det var eit poeng å kome samstemt ut av forhandlingane, seier han.

Han trur kommunevalet i 2019 vil setje ein standard. Og at det blir ei evaluering av ordninga i løpet av første periode.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

STØRRE ENN: Dei nye kommunestyra i Sogndal og indre Sunnfjord blir langt større enn fylkestinget, som møter i Firdasalen på fylkeshuset. Same sal må truleg nye Sogndal leige for å få plass til sitt nye kommunestyre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trongt i Førde

I Sunnfjord skal dagens Jølster, Naustdal, Gaular og Førde bli éin kommune frå 2020. Namnet er dei ikkje samde om, men det er dei om tal folkevalde i kommunestyret. Det blir 45.

Førde rådhus

NYTT, MEN: Praktrådhuset har for liten bystyresal i dag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Til samanlikning har Oslo berre 14 fleire.

– Dei som løfta dette fram og fekk gjennomslag ønska størst mogleg representasjon frå alle delar av den nye kommunen, seier ordførar Olve Grotle i Førde.

– Større enn fylkestinget, er det overrepresentasjon?

– Eg tenkjer at dette ikkje er verre enn at vi på sikt kan endre det, dersom det viser seg at talet er lite praktisk.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

ORDFØRAR: Olve Grotle i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kommunen i indre Sunnfjord vil få 22 000 innbyggarar. Førde skal vere administrasjonsstaden. Der opna kommunen eit nytt rådhus til 285 millionar kroner for fire år sidan.

Likevel er bystyresalen for liten til ein storkommune. Når dagens 27 representantar tek plass, er det trongt om plassen.

Ordførar Grotle er likevel ikkje uroa.

– Bystyresalen kan utvidast dersom det er behov for det. Vi har eit konferanserom ved sida av som vi kan opne opp, seier ordføraren.